DRIFTSBYGG

Det fjøset som står i dag vart bygga på 1970-talet. Då var det innreia for mjølkeproduksjon og storfe. I kjellaren var det eit sauefjøs med treinnreiing og plass til 48 søyer. Etter at me tok over garden og slutta med storfe, hadde me ein midlertidig garde på eine sida inne i fjøset med plass til 20 søyer. Det var tungvint å ha sauen i fleire bygg gjennom vinteren, og i lamminga måtte me i tillegg bruka reiskapshuset og den gamle låven.

Når me i tillegg berre skulle driva med sau, hadde me lyst å auka besetninga. Løysinga var då å renovera heile fjøset. Arbeidet med dette byrja i 2009. Etter å ha strippa ut alt av innreiing og meisla vekk alt av støyping over sjølve golvet til møkkakjellaren, støypte me fire nya kummar som går i heile lengda på fjøset. Kvar kumme er 40 cm djup og har to proppar for å sleppa skiten ned i kjellaren. På kvar side er det ein lang garde som er 220 cm brei med feste for lammegrinder. I midten er det og ein lang garde over to kummar med eteplasser på begge sider. Denne er 360 cm brei og er delt inn i 3 gardar i lengda. Totalt er det plass til 130 vinterfôra sau.

Fôrgangane og kummane er malt med to-komponent epoksy. Innreiinga er fangfront frå Reime, og denne er heilt genial  Når me skal behandla eller sjekka søyene sett me dei alltid fast i innreiinga. Då slepp me alt av merking og leiting etter den eine som ikkje har fått. Kvar enkelt sau kan løysast ut utan å sleppa dei andre. Når søyene har lam er det no enkelt å samla alle lamma i den eine enden med ei lammegrind mens sauene står fast.

Heile fjøset er isolert og taket er kledd innvendig med kvite aluminiumsplater. På veggane har me plater av resirkulert plastikk som er 120 cm høge. Desse er utruleg lette å halda reine og sauene får heller ikkje til å gnaga så mykje på dei. Ovanfor platene skal me ha kvitmalt kledning, men fyrst må me skifta alle glasa og kledningen på utsida.

Det er drikkeniplar i alle gardane og ein til kvar lammegarde i lamminga. Det er bare positivt at sauene sølar vatten, for me må heile tida fylla på i kummane for å halda skiten flytande før me slepper ned.

For anledninga nyklippa :-)