Dei fleste sauene me har er av typen norsk kvit sau. Dette er eigentleg ikkje ein eigen rase, men ein blanding av fleire rasar. Dei gjer godt kjøt og god ull, og klarar seg delvis sjølve i lemminga. Me er sjølvsagt ofte i fjoset i lemminga og fylgjer med. Dette er den travlaste tida som sauebonde, men det er kjekt og når lamma kjem.