UTSTILLING

Utstilling er viktig for å sikra at det vert avla på rasetypiske og friske hundar. Men det kan og vera veldig gøy, og det er difor me stiller ut våre hundar. Det er mykje som skal klaffa på ein dag for å få topp resultat. Det ligg og ein del trening bak for å få dei til å vise seg frå si beste side kvar gong.