HUNDEKJØRING

Trening for oss betyr løpstrening med hundane. Dette gjer me på sparkesykkel på våren/hausten og med ski og slede/pulk på vintaren. Malamuten stiller i same klasse som Grønlandshund og Samojed i konkurransar. NAMK og andre klubbar arrangerar fleire løp kvar vintar, og det er ulike klassar for alt i frå 1 til 12 hundar. På kortare løp må ein ha ei bestemt vekt per hund i pulken/sleden, og på lengre løp er det obligatorisk utstyr.