BLODSPOR

Dette er noko me alltid har hatt lyst til å prøve. Så når lokalklubben skulle arrangere kurs i september 2009, var me ikkje seine om å melde oss på. Her var Shila forsøkskanin igjen, og dette falt verkeleg i smak både hjå to- og firbeint. No går me spor som tilsvarer dei i ein konkurranse. Målet er å starte på prøve og eventuelt godkjent ettersøkshund. Dixie har fått snuse litt, og viser stor interesse.