Denne sommaren kjem me nok ikkje til å gløyme med det heilt fyrste. Store snømengder i heia i vinter, saman med ein kald vår og sommar, gjorde at snøen låg tjukk på sauebeitet når me vanlegvis slepp
sauene til heis. Grunna den kalde våren var det heller ikkje mykje beite heime, så sauene fekk beite alt me har av grønt og skog. Men med litt is i magen, og eigen transport med 10 søyer på lasset, fekk me i løpet av
juli dei fleste av sauene til heis 😎