2014

12.12.2014

Tom og Dixie

🤪SNØEN HAR KOME🤪

I dag hadde me fyrste tur på snø for sesongen. Perfekt føre for jomfruturen, det vil sei ein del nysnø slik at det ikkje går for fort med ivrige og glade hundar.

Førjulstrening

Søndag 14. desember vert det førjulstrening/samling i regi av NAMK Rogaland. Vonar mange har sjans å vera med 🙂 Sjå info her.

06.12.2014

Me var på ein liten førjulstur til Danmark denne helga. Tom og Hedda var med på Dansk Polarhunde Klub sin utstilling i Gørlev for dommer Carl Gunnar Stafberg fra Sverige. Hedda fekk excellent og blei nr. 2 i unghundklassen og Tom fekk excellent, ck, vant unghundklassen og blei til slutt nr. 6 av hannhundane med reserve cert 🙂 Etterpå var me på besøk hjå Helga og Lennart som oppvarta oss med skikkeleg god dansk julemat og alt ein hund kan ønske seg av godsaker og oppmerksomhet 😀 

Tom
Hedda

14.-16.11.2014

Denne helga var Tom og Hedda på Norsk og Nordisk vinner utstilling arrangert av NKK på Lillestrøm. Fredag dømte Christen Lang 24 malamutar. Tom fekk excellent med ck og vart til slutt 4. beste hannhund med cert 😀 Hedda fekk og excellent med ck og vart 5. beste tispe med cert 😀 Søndag dømte Michael Leonard 25 malamutar. Begge to fekk excellent med ck og lik plassering i hannhund/tispeklassen som fredag, men denne dagen utan cert. Kamera låg att i bilen 😋

September-Oktober

Tom og Dixie etter sin etappe.

19.-21. september hadde Aslaug og hundane ei flott helg på NAMK si haustsamling i Valdres.

Sist veke var me alle i Sverige på hytta til Torhild og Petter. Veka gjekk med til trening av hundane, og laurdagen var det felles tur.

Mens me var vekke kom og den siste sauen heim, så nå er alt berre velstand 😀

14.09.2014

Tom og Hedda var på NKK utstilling på Orre i dag for dommar Freddie Klindrup. Det gjekk så bra at begge fekk storcert, og Hedda vart BIR og Tom BIM 🤪 For anledninga utan pels 😋

6.-8.09.2014

Sjølv om me ikkje har heilt haustkjensla ennå, grunna 20 grader og sol, så er det september og sauene skal heim frå fjellbeite 😎 I år var det anten litt vått eller veldig vått, men samlinga gjekk alikevel bra. Me fekk ned det meste av sauene på laurdagen, så når sundagen kom med litt for mykje vatn i alle bekkar og elver, kunne me samla litt lågt nedanfor bekken. Per i dag manglar me 5 sauer med sine lam, så dei kjem me nok til å finna.

05.07.2014

Grunna sjukdom hjå eigar, treng Hedda ein ny familie. Ho er her hjå oss nå. Ta kontakt for meir informasjon.

04.07.2014

Sikraste tegnet på at det er sommar er når sauene får komma til fjells 😎 I år gjekk alt som ein lek; opp gjennom skogen, over bekken og vidare opp til salteplassen. Så må me håpa på at dei passar seg for jerven og kjem att store og fine 😉

29.06.2014

Me har fått oss ny bil og vår kjære Hikkas er derfor til salgs. Det er ein perfekt hundebil med plass til 4 hundar, pulk/polaris slede, ski og alt anna ein treng baki. Sjå finn kode 49559987. Me har og eit Thule sykkelstativ for 2 vanlege syklar eller ein 3-hjuls sykkel som passar bakpå bilen rimeleg til salgs.

29.06.2014

Det er snart tida for å sleppe sauene på sommarbeite, så i dag var me ein tur for å sjå korleis det ser ut på beite og leggja ut salt på salteplassane. Tom og Gillan fekk vere med på tur. Det var fyrste fjellturen til Tom, og han storkosa seg heile vegen.

31.05.2014

Tom og Dixie stilte på NKK Drammen i dag. Begge to fekk excellent for dommar Carlos Fernandez Renau.

25.05.2014

I dag var det åpen gard på Tveit Vidaregåande Skule på Nedtrand. Me var 3 stk frå Ølen Etne Vindafjord Hundeklubb som var på plass for å køyre born med hund og saccovogn. Dixie og Gillan bytta litt på, slik at dei fekk kvila i skuggen innimellom. I tillegg hadde Gina med seg pyreneerhund og Irene berner sennen. Det var sol, over 4000 besøkande og kø til hundekøyringa heile dagen 😎

17.05.2014

😀 GRATULERAR MED DAGEN 😀

Etter at dei to siste sauene fekk koma ut, var me på Bygdahuset og feira 200-års jubileet.

11.05.2014

Tom var på utstilling på Orre i dag for dommar Anca Giura. Der fekk han Excellent, CK, Cert og vart BIR 😀

05.04.2014

Foto: Jan Arne Sjøholt

Tom var på NKK utstilling i Bergen i dag for dommer Paul Stanton. Der fekk han Excellent, CK, Cert og vart til slutt BIR 🤪

30.03.2014

På denne tida i fjor freista me å finne avløpet i tunet under all isen, mens i år veks graset, skitskuten er snart tom og væren har fått flytta ut 😎

29.03.2014

I dag var det ein som tjuvstarta på vårens vakraste eventyr. Det vil sei at lemminga er i gong 🙂

15.03.2014

Tom

Denne helga var me på utstilling i Kristiansand arrangert av NKK. Dommar var Karl P. Reisinger. Tom fekk Very good og Dixie fekk Excellent med CK og vart 3. beste tispe.

22.02.2014

På veg heim frå Sverige var me innom NKK utstillinga i Bø. Dommar var Jørgen Hindse. Tom fekk Excellent, CK og vart 3. beste hannhund. Gillan fekk Very good i veteranklassen. Best for dagen var Dixie. Ho fekk Excellent med CK, CACIB og til slutt BIM 😀

Februar 2014

Dixie v.f. Gillan h.f. Tom v.b. Taiga h.b.

Me har vore på samling/trening i Sverige på hytta til Torhild og Petter. Hundane har fått kjørt mykje på snø (som har vore mangelvare heime i vinter) og me fekk treffe mange kjente malamute folk 😎 Tom fekk prøve seg både i 2-spann og 3-spann i lag med Dixie og Gillan. Me lånte og søster Taiga ein tur i 4-spann. Dei jobbar bra begge to og koser seg i sporet 😀 Fleire bilder her.

08.02.2014

I dag var me på utstilling i Ølen hjå klubben vår Ølen, Etne, Vindafjord hundeklubb. Dommar var Anne Indergaard. Gillan fekk Excellent, CK og vart andre beste hannhund og BIR veteran. Dixie fekk og Excellent, CK og vart andre beste tispe. Best for dagen vart Tom. Han fekk Excellent, CK, sitt fyrste CERT og vart til slutt BIM 🤪

GODT NYTT ÅR !!

I dag kunne me endele feira den fyrste heile dagen i år med sol frå blå himmel og kuldegrader 🤪 og den fyrste godvêrsdagen på lengre tid. Då stig humøret både sjå 2- og 4-beinte 😎