2011

06.12.2011

 

SN Ø

Endeleg kom snøen og me har vore på den fyrste sledeturen i år. Dixie og Gillan storkoste seg i tett snøvær og flotte løyper.

27.11.2011

Dixie har vore på NKK Dogs4All i Lillestrøm. Det var fyrste gong ho stilte i championklassen og ho fekk Excellent med CK og blei 3. beste i klassen. Me stilte og for Trap Line i oppdrettarklassen. Dei fekk veldig god bedømming her med HP og me stilte då og som BIR oppdrettar i lag med dei andre rasane. Her vart det ikkje noko plassering, men det var gøy å visa fram malamuten.

November 2011

Me har hatt besøk av hogstmaskin denne månaden for å laga meir beite til sauen. I tillegg til nytt beite vart det 355 kubikk med blanda tømmer.

20.11.2011

Foto: Synnøve Matre

Shila og Aslaug har vore på føringskurs i agility heile helga i Sandeid med Thomas Thiesen. Det var gøy og me lærte mykje nytt, så no blir det flittig trening fram til snøen kjem  (om han kjem i år...).
Det ligg ein liten videosnutt i galleriet.

13.11.2011

JIPPI!!!
I dag var me på utstilling på Stord med Gillan og Dixie. Gillan fekk Excellent, sitt fyrste Cert og blei BIR Dixie fekk Excellent, Cert og BIM og no er ho då Norsk Utstillingschampion

11.11.2011

I dag har me prøvt oss på inseminering av sau for fyrste gong. I år er det dei blæsa og 10 NKS sauer som me skal prøve å inseminere. Så får me sjå om 2-3 veker om det gjekk godt

06.11.2011

Endeleg er det nye utstyrs- og fôrrommet sånn ca ferdig
Her er det varmt og kaldt vatn og med ny dør og nye vindauge forhåpentlegvis frost- og musefritt. Det vert nok fyllt opp av hundeutstyr og fôr, men kanskje det er litt plass til anna og

22.10.2011

Dixie og Gillan har vore på NAMK si utstilling på Frya leir i Gudbrandsdalen. Begge fekk Very Good for dommar Eli-Marie Klepp.

01.10.2011

VERAKÅRING
Etter 3 år med samlingsforbud på grunn av smittefare og heimekåring av verlam på gardane, var det endeleg gitt løyve til verakåring på Møgedalsmarknaden igjen. 11 håpefulle hadde møtt opp med sine beste verlam. Dommarane hadde ca. 50 verar dei skulle vurdera, og dei brukte god tid på kvar enkelt. Kropp, bein, ullkvalitet og ullmengde skal vurderast nøye for å bli utvalgt. Me har ikkje eigne lam til kåring enno, men me hadde bestilt eit kåra lam frå ein av dei som var der. Til slutt vart det Sveinung Havrevoll som stakk av med den gjevaste prisen for beste NKS ver.

11.09.2011

Dixie og Gillan har vore på NKK utstilling på Orre. Begge fekk Excellent for dommar Rodi Hübenthal.

04.09.2011

Då har me vore på vår fyrste sauesamling i Kyrkjesteinsdalen Sjølv om det er mykje stigning og mange høydemeter, er det enklare terreng å samla i enn det gamle beitet vårt i Hamrabø. Etter veging av lam og dobbeltsjekk heime, manglar me 3 sauar og 5 lam. Av desse reknar me med å finne 1 sau med 2 lam og ein gjeldsau.

25.08.2011

Shila gjekk sin fyrste blodsporprøve i dag! Me gjekk ein bevegelig prøve på Fjellstøl for dommar Sigbjørn Matre. Ho byrja veldig bra, og alt gjekk fint til halvvegs i sporet. Då gjekk ho på tap og klarte ikkje å finna att sporet. Difor blei det 0. premie. Men med oppmuntrande ord og skryt frå Sigbjørn prøvar me snart opp att.

20.08.2011

Dixie har vore på utstilling NKK Bjerke. Denne gongen blei det Very Good for dommar Saija Juutilainen frå Finland.

10.07.2011

I dag var me til fjells med dei to siste etternølarane. Heile flokken med ungsau utan lam hadde trekt heilt ned til vegen, så dei måtte me ta med oss opp til Kyrkjesteinen igjen. Så får me sjå kor dei er neste helg

06.07.2011

HIPP HURRA!!
Toto blei 15 år den 1. juli, og dette måtte me feira i lag med dei andre på onsdagstreninga. Så no er ho sånn ca. 100 år, alt etter korleis ein reknar. Ho var snill og delte kaka si med dei andre 4-beinte, mens me 2-beinte som vanleg kosa oss med kaffi og kake

03.07.2011

I dag var me til fjells med sauen Sjølv om det var nokre av dei gamle innkjøpte sauene som kjenner beitet og stien godt som kom fyrst fram til bekken, var det ikkje snakk om at dei ville over. Til slutt måtte me hiva eit par av dei uti, og då kom resten etter. Utanom dette gjekk turen bra Men pass godt på nista di om du skal på tur i Kyrkjesteinsdalen i sommar, for mange av sauene er veldig glade i folk Kameraet låg fint igjen i bilen, så det kjem bilete utover sommaren...

26.06.2011

I dag har me vore ein tur og sjekka det nye fjellbeitet for sauen vår. Det ligg i Suldal kommune på sørsida av Suldalsvatnet. Beitet byrjar i botnen av Kyrkjesteinsdalen på 800 moh og går opp mot Snønuten på 1600 moh. Snøscooter-føret forsvann plutseleg her i vår, så me måtte bera med oss litt salt. Då er det godt med trekkhundar opp dei brattaste kneikane Det var varmt i dag, men det er godt med vatten eller snø heile vegen. Neste år tar me heller turen på snø med salt i pulk og slede Det ligg fleire bilder i fotoalbumet med Turar.

05.06.2011

Dixie og Gillan på treningstur på hytta på Vinstra mai 2011

Me har fått heim eit nytt medlem i familien. Han heiter Gillan og er på lån frå oppdrettaren vår. Planen er at han skal gå saman med Dixie i 2-spann. Så skal Shila få lov til å halda på med andre ting som ho likar betre enn å trekke

05.06.2011

Dixie har vore på utstilling igjen, denne gongen på NKK Drammen. Det gjekk ikkje verre denne gongen heller enn at ho fekk Excellent, CERT, CACIB og blei BIR Dommar var Svein Helge Bjarnesen.

02.06.2011

Foto: Torhild Ringerike

Dixie har vore på utstilling hjå SPHK Mälardalen i Ånnaboda i Sverige. Der fekk ho Excellent, CERT og blei BIR I tillegg vart ho BIS3 av dei fire polare rasane. Dommar var Ewa Widstrand frå Sverige.