 |
 |
|
 |
 |
01.12.2012
I helga var me på tur til Danmark for å vera med på den siste utstillinga til den danske polarhundklubben i år og for å helse på Enzo, hannhunden me skal bruke på Dixie. Det
var lang veg, for utstillinga var i Gørlev, 1 time frå Roskilde, og me tok ferge til Hirtshals. Men vegstandarden i Danmark er noko heilt anna enn her heime, og mila går fort unna. Dommar på utstillinga var Ewa Nielsen frå Sverige.
Gillan fekk very good, og så kom bomba når Dixie vart sent ut med grønt (sufficient) Dette forstod
me fint lite av, men dommaren meinte heilt bestemt at ho ligna meir på ein siberian husky enn ein malamute. Me er alltid forberedt på det meste når me reiser på utstilling, men dette hadde me ikkje venta. Dixie har stilt for 18 forskjellige
dommarar som vaksen, og ingen av desse har vore inne på at ho ligna ein husky. Det seier seg sjølve at me ikkje legg mykje vekt på denne eine dommaren i forhold til alle dei andre, men det er ikkje kjekt å reise så langt for
ein slik kritikk.
På den andre sida fekk me helse på Enzo igjen, og han er ein flott hannhund. Så nå er det berre å vente på neste løpetid 
24.11.2012
Me har vore på Dogs4All på Lillestrøm. Der fekk Gillan og Dixie excellent for dommar Svein Bjarne Helgesen.
11.11.2012
Dixie har vore på utstilling på Stord. Der vart ho BIR for dommar Jørgen Hindse 
2-3.10.2012
ETTERSANKING Laurdag kveld fekk me beskjed på telefonen at 2 av sauene våre som manglar etter sankinga var observert med kvart sitt lam. Då vart me så klart veldig glade,
problemet var berre at dei var observert inne ved Krossvatn. Dette er 1-2 mil utanfor beiteområdet vårt, som er ganske stort i seg sjølv, og ingen av oss er kjende i området. Sundagen opprant med regn og skodd, og då er det ikkje
aktuelt å leite etter sau i eit ukjent terreng. På toppen av det heile vart det spora ein jerv rett gjennom vårt beite og mot det området som sauene var i same helga Tirsdag heiv me oss på fyrste ferga og var avgårde frå Mostøl før klokka var 8. Med oss hadde me Leiv Einar Aarhus som me leiger beite av. Klokka 15 var me inne ved Krossvatn og fekk
så vidt eit glimt av sauene som var på veg beint austover vekk frå oss i eit godt tempo. Gunnleiv heiv sekken, sprang etter dei, og fekk snudd dei rette vegen. Nå var me ved godt mot, og tenkte me skulle greie å komme oss til
Kyrkjesteinsskaret før det vart mørkt. Men terrenget var ikkje med oss, og sjølv om sauene var greie, tok det mykje lengre tid en planlagt. Når det siste lyset forsvant for dagen hadde me langt igjen til skaret, og det nye målet
vart difor ei jakthytte som ligg eit lite stykke sør for skaret. Sauene måtte me leiga i kvar sin taustump dei siste to timane, og lamma ville helst berre stoppa opp. Etter 14 timar på beina kom me endeleg fram til hytta kl. 10 på
kvelden. Sauene batt me utanfor i leveggen og fekk fyr inne i hytta før søvnen tok oss. Neste dag var det berre sjarmøretappen igjen over skaret og ned Kyrkjesteinsdalen. Etter to dagar med regn, snø, vind og for det meste surt
vær, kom regnbogen fram som ein flott avslutning på eventyret Og for dei som lurar: Desse sauene får
ikkje lov til å koma til fjells igjen, men må halda seg heime på beite resten av livet!
29.09.2012
Me har vore på kåring i Ølen med 3 værlam. Det var dei 2 blæsa værlamma og 1 Norsk Kvit. Været var ikkje med oss, og det regna stort sett heile dagen. Alle var våte og
kalde og det vart mange timar å vente på at det vart vår tur. Men me fekk gode karakterar på alle lamma så då var me nøgde med dagen. Den eine blæseværen fekk 10 poeng (av 10 moglege) på rasepreg

25.09.2012
DEN STORE BLÅS-BORT-DAGEN Me ligg vanlegvis ganskje skjerma til for vind her, men i natt måtte eit tre gje seg over. Det var inne på beite til sauene, og flaks at ikkje nokon
av dei var der når det skjedde. Nå når treet ligg der var det berre greitt, for det er godt å knaske på 
20-23.09.2012
Denne helga var me på haustsamlinga til NAMK på Høvringen i Rondane. Det var ein flott plass og vêret var heilt på topp. Shila tok sølvmerket i kløv og på laurdag var
mest heile gjengen på 65 folk og 80 muttar på topptur til Formokampen. Her var det ikkje noko å sei på utsikten.
09.09.2012
SAUESAMLING!! Nå kjem hausten krypande, og det er på tide å få sauen heim frå fjellet. Samlinga gjekk stort sett greitt,
med sånn passe kaldt og vått vêr som vanleg. Me samla fredag og laurdag, og vog alle lamma på sundag før lastebilen kom. Nå manglar me 3 søyer og 3 lam, med godt håp om å få heim 2 av søyene
og 2 av lamma.
26.07.2012
Me hadde besøk av mor denne veka, og då måtte me ein tur på Snønuten (1606 moh) Sauene våre beitar heilt mot toppen så langt det er mat. Det er sjeldan så fine dagar her oppe, og hundane var glad for all snøen som ennå ligg mykje av vegen.
11.07.2012
Sommarjobb del 2 Me har besøk av Susanne, Tore og tvillingane Tuva og Sigurd på snart 2 år. I dag var det Dixie som hadde sommarjobb
og drog dei på tur.
10.07.2012
Sommarjobb del 1 Gillan hadde sommarjobb i dag og var trekkhjelp for Aslaug som hadde 20 kilo salt på ryggen opp til sauene på beite. Det var
tett tåke og regn heile vegen, men Gillan fant fleire snøfenner så han var nøgn.
07.07.2012
Nå har sauen fått koma til fjells. Det vart 81 vaksne og 131 lam og ein liten flokk igjen her heime for å halde beitet. I år hadde me hjelp av Hanne, Åsvald og Kira (Border Collie) så
det gjekk veldig bra. Tradisjon tru låg kamera igjen i bilen 
Mai/Juni 2012
Siste lammet kom til verda 11. mai og nå er alle ute på grønt gras her heime. Oppsummert for i år vart det født 206 lam av 106 søyer. Det er ikkje så høgt snitt, men
det ser ut til å verta fine lam i år. Dette var fyrste året me prøvde oss på inseminering og resultatet var over all forventning med totalt tilslag på 87.5 %. Det var 2 vaksne søyer som ikkje tok seg, og på
1-åringane og dei blæsa hadde me 100 % tilslag 
14.04.2012
Gillan var på NKK utstilling i Bergen. Der fekk han excellent, CK, reserve cert og reserve cacib for dommar Eivind Mjærum 
01.04.2012
Dixie har vore på Palmeutstillinga på Varhaug. Det var dårleg påmelding i malamuteringen, så her var me aleine begge dagane. Laurdagen vart Dixie BIR for dommar Antonio Lorenzo og BIG3 for dommar Catherine Lebret frå Bulgaria. Sundagen vart ho BIR for dommar Arne Foss og BIG4 for dommar Anne Fitzpatrick frå Irland. Det var mange BIR hundar i finalen i gruppe 5, så då er det ekstra gøy med plassering. Rosettane på sundagen var så fine at nokon hadde
stukke av med alle BIG og BIS sløyfene, så den får me i posten.
13-19.02.2012
Me har vore i Sverige på hytta til Torhild og Petter på valpekjøpartreff. Her var det samla ca. 30 eigarar og 80 malamutar frå Noreg, Danmark og Sverige. Veka gjekk fort med prepping av løyper,
trening av hundar og sosial hundeprat. Løypene går rett ut frå hytta og så langt du berre vil. Lørdag og søndag var det SHAM-draget i Nornäs med rasemeisterskap for malamute og siberian husky. Gunnleiv stilte til
start i 2 x 30 km med Gillan og Dixie. Han klarte ikkje kravet til dragprov 60 som er på 6 timar, men hadde ein flott tur begge dagane og blei nr. 3 i sin klasse i rasemeisterskapet. Takk til Torhild og Petter for ei flott veke 
11.02.2012
Dixie og Gillan har vore på Ølen-Etne-Vindafjord Hundeklubb si utstilling i Ølen. Det var dommarbytte til Des Manton frå Irland, så me var spente på korleis det ville gå. Men
Gillan fekk sitt andre cert og blei BIM og Dixie blei BIR så det var full klaff 
|
|
 |
|
|
|