2013

10.11.2013

Denne helga var me på utstilling på Stord med Tom, Dixie og Gillan. Tom blei nr. 2 i klassen 6-9 mnd. Dixie fekk excellent med ck og vart BIR 🙂 Aller best for dagen var Gillan. Han fekk excellent med ck, vart BIR veteran og BIM, og enda til slutt som BIS2 veteran 😀

1.-3.11.2013

Me hadde ei veldig fin malamute samling her første helga i november. Referat med bilder kjem i neste medlemsbladet til NAMK.

26.10.2013

🙂NAMK utstilling 🙂

Denne helga var det NAMK si hovedutstilling på Finnskogen Turist og Villmarkssenter. Me hadde med oss heile gjengen pluss Hedda som gjerne ville stille sjøv om Stine og Svein ikkje hadde anledning til å reise. Dagen byrja med valpane og av 8 tispevalpar vart Hedda nr. 4 med god kritikk. Søster Taiga var ikkje heilt samarbeidsvillig i ringen og måtte nøye seg med sisteplassen. Tom måtte klare seg heilt aleine i ringen og vart til slutt BIM valp med veldig god kritikk. Vidare var det Gillan sin tur, og han klatra heilt til topps som BIR veteran. Dixie var sist ut, og ho gjorde det og bra og enda som nr. 2 i champion klassen med CK og 4. beste tispe. Ho stilte og for Trap Line i oppdrettarklassen som vart beste oppdrettar med HP.  Me var veldig godt nøgde med dagen 😀

Tom BIM valp
Gillan BIR veteran
Trap Line beste oppdrettar

19-20.10.2013

Ilo

😀VALPESHOW😀

Tom, Hedda og Ilo stilte på valpeshow på Orre denne helga. Lørdagen stilte Tom og Hedda og vart BIR og BIM med veldig gode kritikkar. Søndag stilte alle tre, og då vart Ilo BIR og Hedda BIM. Seinare på dagen var jubelen stor då Ilo gjekk vidare og vart BIG og BIS4 🤪

Høstsamling

1.-3. november vert det samling for alle som vil med NAMK Rogaland her hjå oss. Meir info her.

28.09.2013

Denne veka har me vore på hytta til Torhild og Petter i Sverige og trent hund. Lørdag var me med på Bjørnrundan, eit treningsløp som vert arrangert kvart år av den svenske malamute klubben. Denne gongen var det Aslaug sin tur til å køyre med Dixie og Gillan, mens Gunnleiv tok ein liten tur med sele på Tom for fyrste gong. På kvelden var det sosial samling for alle med god mat. Dette er eit veldig flott arrangement utan tidtaking og stress 😀
Og mens me var på ferie og kosa oss, var Halvard ein tur i Suldal og fekk med seg 2 sau og 3 lam heim Så nå leiter me berre etter 1 sau med 1 lam.

20.-21.09.2013

Ettersanking del 2
Med tanke på kor me fant dei siste sauene i fjor, ville me freista med ein tur i det same terrenget. Men kloke av skade, planla me i år turen frå Blåsjø via hytta på Krossvatn, og ned til Mostøl andre dagen. Gunnleiv fekk med seg Åsvald og border collie Kira, og dei vart kjørt inn til Skreivassdammen på Blåsjø og sendt avgårde med kart, kompass, GPS og godt humør 🙂 Etter eit par ekstra runder i skodda, skrudde dei på GPSen og kom seg ned til ventande bil på Mostøl før kvelden 😉 Dagens fangst: 0 sau, 0 lam, 3 kadaver (ikkje våre dyr) og 1 observert kongeørn. Ståa er då slik at me manglar 3 sau og 4 lam i tillegg til 1 sau og 3 lam som me har bekrefta døde.

15.09.2013

Ettersanking del 1
Me mangler ennå ein del sau og lam etter samlinga, så då er helgeplanane klare for dei neste vekene Dagens fangst i skodda vart 1 sau og 3 lam.

6.-8.09.2013

Årets sauesamling er vel overstått og dei fleste sauene vel heime. Det har vore mykje sau i feste denne sommaren, og me tok 2 vaksne med lam ut av feste i løpet av samlinga. Den eine sauen sto og i feste tidligare i sommar, så den får kanskje vera heime til neste år

27.07.2013

Me hadde ein flott tur til Snønuten i dag 😎 Gillan og Dixie var med på tur, mens Shila sat "barnevakt" for Tom heime🙃 Det var diverre ikkje nokon andre som ville vera med på tur, men me prøver igjen med ein kortare tur neste gong. Info kjem her og på namk.no. Fleire bilder frå turen her.

Juli

Laurdag 27. juli vert det felles tur for alle som vil frå Mostøl i Suldal. Meir info her.

30.06.2013

Endeleg var det tid for å sleppe sauene til fjells for sommaren 😎 Dei byrja bli veldig rastlause her heime, og sette tydeleg pris på litt meir plass. Ikkje ein gong bekken fekk dei til å stoppe opp på vegen denne gongen. Etter at me mista 9 lam på vårbeite grunna rundorm, vart det i år 85 søyer og 144 lam til fjells. Lamminga i år gjekk stort sett bra, med godt lammetal. Men grunna den seine våren vart dei ståande lenge inne og lamma vart smitta av rundorm med ein gong dei kom ut.

22.06.2013

Etter ein tur med Shila og Gillan i Kyrkjesteinsdalen for å sjå korleis det såg ut på sommarbeite, var det Tom og Hedda sin tur å vera med på Sankthansfeiring i Kvaløy 🙂 Betre miljøtrening skal ein leita lenge etter, med vaksne, born, andre hundar, sekkeløp og sankthansbål 😉

11.06.2013

Her er siste oppdatering på heile gjengen før dei byrjar flytting til sine nye familiar 😀 Tom skal vere igjen her hjå oss 🙂 Fleire bilder her.

04.06.2013

Denne veka har det skjedd mykje for ein liten valp på 7 veker 🙂 Me har vore på biltur for fyrste gong, og alle har fått micro chip og helseattest hjå veterinæren. Fleire bilder frå tirsdag på valpesida.

29.05.2013

Tida går utruleg fort, og valpane er allereie 6 veker 😀 Sjå fleire bilder på valpesida.

22.05.2013

Valpane har allereie blitt 5 veker 🤩 Det er ein nyskjerrig og aktiv gjeng som kosar seg i hagen kvar dag 🙂 Fleire bilder på valpesida.

15.05.2013

Valpane er nå 4 veker 🙂 Dei har flytta ut og det vert meir liv i leiren for kvar dag Sjå fleire bilder på valpesida.

10.05.2013

Nå er det tydeleg på høg tid å få sauene og lamma ut, men været er ennå ikkje heilt med oss 😥 Lamma vert berre meir og meir ivrige på noko anna enn det mor har å by på 😉

07.05.2013

Tida går utruleg fort, og valpane er allereie 3 veker gamle 😀 Sjå fleire bilder på valpesida

01.05.2013

Valpane er nå 2 veker gamle. Alle har åpna augene og er oppe på beina 🙂

24.04.2013

Valpane er allereie 1 veke gamle, og i dag var det tid for fyrste kloklipp.

16.04.2013

Dixie fekk 7 flotte valpar seint tirsdag kveld 😀 Fødselen gjekk veldig bra og både Dixie og valpane har det godt. Det vart 3 hannar og 4 tisper.

19.04.2013

Lamminga går og sin gang, og i dag passerte me 150 lam på 69 søyer. Etter mange lange netter kan det vera godt med litt ekstra energi for både bonde og sau

18.04.2013

Ryddinga av hogstfeltet kunne endeleg tas opp att, så nå blir det godt beite til sommaren 🙂

07.04.2013

Gillan var på NKK utstilling i Bergen i dag. Der vart han BIR for dommar Erwin Deutscher og er nå norsk utstillingschampion

05.04.2013

Vårens vakraste eventyr har starta 🙂 Det vil sei at lamminga er i gong 🙃

11.03.2013

Ultralyd i dag viser at Dixie er drektig, og valpar er venta ca. 16. april 😀

13.02.2013

Me har vore på tur til Danmark igjen og ventar no valpar etter Dixie og Enzo Meir info finn du på valpesida.

Januar 2013

Etter 25 år i tru tjeneste skal vår kjære Fiat DT 50-66 få lov til å gleda nokon andre sine siste år 🤩 Det vil sei at me har fått heim ein (nesten) splitt ny Case Farmall 75C med lesseapparat Dette var dagens oppdatering for alle som liker traktor 😉