Det er ikkje kvar dag me kan feira 12 år, og Gillan satte stor pris på litt ekstra på den store dagen 😀
Litt forsinka bursdagsfeiring på Tom og Hedda som nå er 3 år 😀
Nå har me vore veldig seine med å oppdatere sida her, men lemminga er så klart godt i gong, og snart ferdig 😋 Kjem snart bilete av lamma ute 😎
Er du interessert i kvalitetsfôr til hund? Me skal starta med salg av eit ultra premium fôr frå Kanada. Meir info her. Ta gjerne kontakt med oss om du vil prøve fôret. Me har ikkje alle variantar inne på lager no, men me kan bestilla inn det du vil ha.
Denne helga jobba me for Ølen Etne Vindafjord Hundeklubb som arrangerte den årlege utstillinga i Etne. Me fekk og tid til å stille Tom og Dixie. Begge fekk excellent med ck for dommar Annika Ulltveit-Moe og vart BIR og BIM 😀
Takk til alle som var med å laga ei flott samling på Gullingen 😀 Referat kjem i Malamuten.
I morgon (6. januar) reiser Monica og Kira til Alaska 🤪 Me ynskjer dei ein flott tur og gler oss til neste oppdatering. Her er litt om turen og tidligare turar: www.moapaatur.com